Sauer på beite i kveldssol med fjord og fjell ved Øggarden

Vanylven · Møre og Romsdal

Øggarden

Eit levande småbruk på søre sunnmøre. Plassert høgt og fritt med fjorden ut mot vest og særmerkte fjell som kulissar i sør. Tradisjonellt tufta på småfehald, storviltjakt, skogbruk, vertskap for besøkande og med varierte naturopplevingar i alle retningar.

Gardsliv med vidsyn

Ope kulturlandskap, fjord, fjell og rolege dagar tett på naturen. Det gjev ei ro å kvile augene mot horisonten, når dagen er på veg mot kveld.

Småfehaldet og skogsarbeid

Øggarden kjenneteiknast av småfehaldet og beitedrift. Tradisjonellt handverk og arbeid som høyrer småbruk til, pregar måten dei tilgjengelege ressursane vert nytta på.

Sauer gjennom årstidene

Frå lam om våren til beite på fjellet og stille vinterkveldar i fjøset etter foringstid. Til sanking av dei siste dyra frå fjellet i sluddbyger og nordvest kuling. Dyrehald er mangfald. Tett på livet, og tett på alt som skal til for å halde det gåande. I eit langsiktig perspektiv.

Om garden

Ein stad der natur, drift og kvardagsliv høyrer saman

Som levestad for vår familie i rundt tjuefem år, og med røter tilbake til midten av 1800-talet. Og med botnlaus respekt for dei som har sett sine spor før oss. Det er her oss høyrer heime.

Her er det utsyn, vêromslag, dyreliv, fridom og den typen stillheit som berre finst når det er god avstand mellom husa.

  • våren med lam og spiring i solvendte bakkar
  • sommar på beite, frodige dalføre i dei lysaste nettene
  • haust med varme fargar og lågt sollys
  • vinter, i storm og stille, stjerneklare kalde netter, og nordlys
Utsyn over fjorden og opne jorde ved ØggardenSollys over fjordlandskapet ved Øggarden

Opplevingar

Natur som kan brukast, utforskast og kjennast på kroppen

Her vil vi legge inn og presentere nærturar, plassar og aktivitetar i Vanylven og området rundt. --- Følg med.

Lam og sauer med snødekte fjell i bakgrunnen

Fjell, beite og opne strekk

Frå tunet er vegen kort til beiteland, fjell og eit utsyn med fargespel som stadig skiftar med lys og vêr.

Lam og sau ved ein liten bekk på Øggarden

Dyreliv tett på

Små møte med dyrelivet gjer mykje av opplevinga – anten på innmarka eller høgre oppe i terrenget.

Solnedgang over fjorden sett frå fjellet ved Øggarden

Lyset gjennom året

Klare vinterkveldar, lyse sommarnetter og lågt haustlys gir denne delen av landet, med eit mylder av fjordar og fjell, eit hav av ulike stemningar.

Det kvite gardshuset på Øggarden med fjorden og fjella i bakgrunnen

Gardshuset · Rese

Overnatting med garden som bakteppe

Eit eldre, autentisk vestlandsk gardstun med utleige av heile gards-huset. Passar for rekreasjon, digitale nomadar, kurs, samlingar eller berre å senke skuldrane – og kanskje gjere ingenting.

  • 8 gjester
  • 4 soverom
  • 8 senger
  • 1 bad
  • Innsjekk utan vert
  • EL-bil-ladar
  • Landleg med fantastisk utsikt til fjord og fjell
  • Autentisk frittliggande gardshus, ca. 1 km frå fjorden
  • 3 km til døgnopen butikk
  • Tilgang til båt kan ordnast på førespurnad

SKUSSMÅL FRÅ GJESTANE

4,76 · 54 vurderingar på Airbnb

  • 4,7Reinhald
  • 4,7Nøyaktigheit
  • 4,9Innsjekk
  • 4,9Kommunikasjon
  • 4,9Beliggenheit
  • 4,8Verdi
Sjå og bestill på Airbnb

«Huset ligg vakkert til med fantastisk utsikt. Verten var hyggeleg og svara raskt. Heilt problemfritt opphald.»

Astrid

«Veldig stort og hyggeleg hus på ein vakker stad.»

Georg

«Gammalt og sjarmerande hus, alt fungerer, staden er rein og ryddig. Sengene er nye og komfortable.»

Rune

Allemannsretten

Komplett guide til allemannsretten. Både for turisten og deg som er grunneigar.

Wild & Free er ein praktisk guide til allemannsretten i Noreg. Kva du kan gjere på annan manns grunn, kva ansvar du har, og kva både du som skal ut på tur, og grunneigarar bør vite.

Guide for Allemannsretten

«Allemannsretten er ein av dei største rikdommane i Noreg – men den kviler på gjensidig respekt mellom dei som ferdast i naturen og dei som eig grunnen.»

Frå kvardagen på Øggarden

Raud solnedgang over fjord og fjell
Nordlys over vinterfjell ved Øggarden
Sauer ved ei fjellelv i grønt landskap